Overnatting
Her finn ein informasjon om overnatting for dei med deltakarkort A og B, samt for dei som ynskjer å ordne med overnatting sjølve.
Informasjon overnatting skule Volda Cup 2026
Kjære lagleiarar og trenarar,
Alle overnattande lag skal bu på Volda Ungdomsskule. Adressa til skulen er Røysbakken 35. Det er kort veg frå skulen til Volda Campus Arena (VCA), der alle kampane skal spelast. På VCA finn de også symjehallen.
Hovudinngangen til skulen er på sida av skulen som vendar mot parkeringsarealet. Vaktene på skulen vil vere rett innanfor hovudinngangen. Det vil vere tilgjengelege vaksne personar til ei kvar tid, heile døgnet.
Det er godt med plassar framfor/ved hovudinngangen. Det er dessverre ikkje mogleg å få straumtilgang for bubilar.
Ved innsjekk skal alle lag ta tilstrekkeleg antall bilete av klasserommet som skal brukast, før det blir teke i bruk. Då blir det lettare å setje rommet tilbake slik det var før utsjekk på søndag. Klasseromma har varierande storleik, så vi ønskjer at madrassane ikkje er breiare enn 90 cm, slik at overnattinga blir best mogleg for alle.
Frukost blir servert mellom kl. 06.30–08.30. Det er dessverre ikkje mogleg å smørje med seg matpakke.
Det er tilgang på mikro og vasskokar i kantineområdet.
Utsjekk på søndag er seinast kl. 12.00.
Avfall skal kastast i eigne konteinarar utanfor skulen. For meir informasjon, sjå www.voldacup.no og www.voldacup.no/overnatting-2
Er det noko de lurar på eller treng hjelp til, er det berre å ta kontakt.
Velkomen til Volda. Vi gler oss til å ønskje dykk velkomne!
Med venleg helsing Vegard Slettedal
Tlf: 974 72 967
E-post: vegard.slettedal@gmail.com
Overnatting SKULE
For dei som har deltakarkort A og B så vil ein overnatte på Volda ungdomsskule som ligg med 5 min gange frå Volda Campus Arena og Idrettsbygget
Cup tilbod frå Havila Hotel Ivar Aasen
Havola Hotel Ivar Aasen kan tilby følgjande prisar under Volda Cup. Prisane inkluderer frukost
- Enkelt rom: 1195 kr/natt
- Dobbelt rom: 1390 kr/natt
- Tremannsrom 1995 kr /natt
Reservasjonar kan gjerast via ei av e-postadressene under:
- resepsjon.orsta@havila.no
- booking.hotels@havila.no
Bruk kode VoldaHandballcup i bestillinga
Besøksadresse:
Parkvegen 9, 6150 Ørsta
Tlf: 7004 5100
Ordne overnatting sjølve?
Dette er alternativa vi har i nærleiken…
Sjøgata 10, 6065 Ulsteinvik
Tlf: 7001 3000
E-post:
Sanden 27, 6763 Grodås
Tlf: 57 87 99 99
E-post: resepsjon.raftevold@hsvila.no
Porsemyrvegen , 6103 Volda
Tlf: 7007 7050