Matservering

Her finn ein informasjon om matservering for dei med deltakarkort A og B i tillegg til alternative serveringstilbod.

Deltakarkort a og b

For lag som har deltakarkort A eller B så vil ein få servert mat ved kantina på Høgskulen. 
Laurdag: Middag
Søndag: Lunsj

Gi beskjed til informasjonen ved ankomst om ein ikkje ynskjer eitt av måltida. 

Overnatting – frukost

For dei som overnattar på skule vil det bli servert enkelt brødmåltid laurdag og søndag morgon.

Matservering utanom deltakarkort og overnatting

  • I Volda Campus Arena vil det vere moglegheit til å kjøpe seg mat i kioskane eller ute ved grill området. 
  • For dei som har kampar på idrettsbygget vil det vere mogleg å kjøpe seg mat og drikke i kiosken der.